Kven er eg?
Eg heiter Anne og startar snart på ei sakte reise med campervan i lag med sambuaren min Vetle. Vi startar med Europa, men vil også reise noko i Noreg, og kanskje ta ein tur til Australia og Asia, då utan bil.
Vegen blir til medan vi går, gje oss gjerne tips!
Vi er glad i fjellturar, vakker natur, matkultur og tekstiltradisjonar. Få ting gjer meg så glad som eit flott og godt ullplagg!
Kjem snart!
Inspirert av naturen, stemninga, kjente landemerke og fargar vever eg mi tolking av ulike plassar vi reiser til.
Veven er ein enkel rammevev laga av gjenbruksmateriale. Garnet er norsk ull eller lokalt fiber frå der eg reiser valt med omhu for å kunne lage det finaste postkortet til deg.
Om tekstile postkort
Andre tenester
Ta kontakt for å avtale pris og tidspunkt.
Kurs
Lag din eigen rammevev
Vev ditt eige postkort
Reparasjon frå slitt til skatt - synlege sting
Lær å strikke
Forstå strikkefastleik og design eigne plagg
Send meg eit (e)postkort
Har du tips til kor vi burde reise eller eit ønske om kor eg skal sende deg postkort frå? Vil du ha kurs i korleis lage din eigen rammevev, lappe klede eller strikke eigne klesplagg? Kanskje du vil at eg skal halde foredrag for deg om norsk ull eller berekraftige klesskap? Send meg eit (e)postkort, så svarar eg så fort eg kan!